kyrkjebo.net

" Jeg har sett det, derfor kan jeg fotografere det"

Fotoprosjekt: Harastølen


Warning: mysql_get_server_info() [function.mysql-get-server-info]: No such file or directory in /var/www/kyrkjebo.net/public_html/wp-content/plugins/xml-google-maps/xmlgooglemaps_dbfunctions.php on line 10

Warning: mysql_get_server_info() [function.mysql-get-server-info]: A link to the server could not be established in /var/www/kyrkjebo.net/public_html/wp-content/plugins/xml-google-maps/xmlgooglemaps_dbfunctions.php on line 10

Idag, laurdag, har vi hatt eit stort fotoprosjekt om ein «gløymd» skatt her i Sogn. Nemleg Harastølen i Luster, det gamle sanatoriumet er idag forfallent, men fortsatt eit flott fotomotiv og ein spennande plass. Du kan lese meir om Harastølen Sanatorium og historia rundt det i NRK Fylkesleksikon. Eg skal oppdatere denne saka med meir informasjon etterkvart, men no kan du nyte bileta! Det ligg eit kart nederst i posten, som viser kvar bileta er teke. Blir og veldig glad for tilbakemeldignar:)

7 thoughts on “Fotoprosjekt: Harastølen

  1. Flott side med mykje fine bilder. Var oppom der for 14 dagar sidan, og vart for det meste trist. Kor lite flinke me nordmenn er til å ta vare på kulturskattar ! Her kunne tuberkulose og psykiatri vore på utstilling og bana gått opp og ned med turistar og andre nysgjerrige. Husa og forfallet grin mot meg og eg får lyst til å grina tilbake. Dumme, korttenkte folk har late det forfalla, og alle andre har late det skje (kommunen ikkje vore sitt ansvar bevisst). Kan Harastølen bergast, kan Harastølen sine venner skipast, kan det byggast kultursatsing i området, kanskje refugium med skriveverkstad, musikkutøving, teater og …… ? Det er lov å drøyma, men dei vil vel jevna minnesmerket med jorda. Me er eit ‘moderne’ samfunn, me sletter minnene våre.

  2. Hei. Her bodde jeg faktisk tre år i min barndom…i første hus på venstre side når man har ryggen til sanatoriumet. Min far jobbet som kokk,min stemor som psykiatrisk sykepleier,altså i den tiden da det var et psykiatrisk sykehus. Kjenner jo spesielt igjen bildet fra kjøkkenet med de store steikepannene,men som barn var vi jo overalt på denne plassen…fra å lure i vinduet der de døde ble lagt,være sammen med pasientene i det flotte drivhuset som sørget for blomster til alle bolighagene og agurk og tomat mm. Når vi skulle på skolen tok vi taubane opp og ned,var været for ille ble vi kjørt…ellers så var jo den 6 kilometer lange veien ned en flott akebakke om vinteren,det var mange akebrett som ble slitt ut der gjennom en vinter. Vi var også med i fjøs og grisehus. Litt synd at du ikke hadde tatt bilde av huset der vi bodde,hadde jo vært kjekt å se det..

  3. Hallo Frode Kjyrkjebø og dine vener, Du skal vite at eg arbeidar saman med fleire å regge Harastølen frå å verta rive. Du har teke mange supre bilder, noko som har betydning for ettervernet av ei historisk tid som eg kallar nasjonalhistorie og som må talast vare på.

    Skal saman med andre på synfaring no komande laurdag for å få oversikt over forfallet, slik at me kan sette opp ein kalkyle om midlertidig sikring. Dette er for deg konfidensiell informasjon, men du inviterast med i den store gruppa som vil verna om å taka i vare. Me treng mange fleire, så har du andre interesserte og, er dei hjerteleg velkomne og må melda seg til mi mail adressa.
    Helsing Lars Helleland Mail.adr: lars.helleland@gmail.com

  4. Det var absolutt verdt eit besøk. Eg vart rett og slett utan ord då eg såg Harastølen. Det var eit stort, overveldande bygg – som du sei Frode, dette er ein gløymd skatt her i Sogn. Det er utrulig dumt det ikkje er blitt bedre teke vare på eller er ope for folk/turistar. Ein utrulig flott dag, ein blir lett interessert (og nyskjerrig) på historie når ein får slike opplevingar.

  5. Fantastisk flotte bilder. Harastølen virker mektig, mangler berre Jack Nicholson i «Ondskapens Hotell», så får du litt samme stemninga.Spesielt bileta du la ut den 15 var imponerande med litt retusj og greier. Var veldig kjekt i Tr.heim saman med dykk alle, Tyholt var ei oppleving som kan anbefalast på det varmaste.
    Var på Dagfinn Lyngbø i kveld og fekk påfyll til Lars Monsen lista di fra i sommer: » Bare Lars Monsen hadde gått OPP i vekt under Robinson Ekspedisjonen»

    Hils fruen, vi snakkes

  6. Hei.Kjempe fine bilder i dag og dagane før. Harastølen hugsar eg omtalt og var forsatt i drift da eg jobba i psykiatrien på Tronvik, også Harastølen var ein psykiatrisk institusjon på dei tider, meiner den og var dreven av Fylkeskommunen! Kanskje bilda dine er av interesse for Fylkesarkivet, sett vekk frå at du truleg ikkje hadde lov til å vere alle plassane der du tok bilder!
    Tok deg fint ut i ny jakke, ha ein fin laurdagskveld, og hels Elisabeth. Snakkast tirsdag.

    1. Hei og takk for tilbakemeldinga, ser eg har nokre skrivefeil (igjen), det må eg rette opp. Ellers så er eg ganske nøgd med dette her, syns det vart mykje bra bilete! Det stemmer og at det var ein psykiatrisk institusjon på 50-tallet, og heilt fram til 90-tallet. Når det gjeld lovlegheita av bileta, så er det kun dei bileta som er teke inne ved taubana som er ulovleg, ellers har eg benytta meg av allmennrettigheita mi. Dessutan så er skiltet sett opp grunn ungdommar som knuser ruter, eg er sikker på at eigaren er glad for at nokon er interessert i Harastølen. Ha ein flott kveld du og! Hels ho mor 🙂

Comments are closed.

hello