kyrkjebo.net

" Jeg har sett det, derfor kan jeg fotografere det"

Good times


Warning: mysql_get_server_info() [function.mysql-get-server-info]: No such file or directory in /var/www/kyrkjebo.net/public_html/wp-content/plugins/xml-google-maps/xmlgooglemaps_dbfunctions.php on line 10

Warning: mysql_get_server_info() [function.mysql-get-server-info]: A link to the server could not be established in /var/www/kyrkjebo.net/public_html/wp-content/plugins/xml-google-maps/xmlgooglemaps_dbfunctions.php on line 10

Hei igjen, no begynne dette nesten å bli ein vane! Å blogge altså. Trur rett å slett eg har meir tid til overs no når eg ikkje jobbar 100%. Misforstå meg rett, det er mykje arbeid med prosjektstilling og studiar og. Forskjellen er vel at eg disponerar dagen meir sjølv! No har eg bestemt meg for fagkombinasjon på NTNU, og skal ta følgjande fag kommande semester:

  • Programmering grunnkurs
  • Informatikk prosjektarbeid 1 (har fått godkjent 2aren, så då e det vel viktig å ha 1aren og?:P)
  • Informasjonsforvaltning

Må seie det er rart å begynne på skulen igjen, og spesielt på eit svært universitet. Er utruleg mange småungar i forelesningane, 25 er ingen alder, men det føles slik ut når det kryr av 19 åringar rett frå vidaregåande! Bildet idag har eg plukka fram frå 2009, ein flott tur  til Nordre Dyrhaugstind! Las i diverse aviser om snø i Jotunheimen, så då passar det å mimre litt mens ein lengtar heim!

3 thoughts on “Good times

  1. joo.. eg ser du har oppdatert den! Så eg får vel berre prøve å la vere å «pile» meg tilbake når eg har skrive noko feil i kommentaren min 😛

    Det er lite aktivitet her ellers, sjølv om du har begynt å blogge igjen. Har du mista tilhengarane dine?

  2. Først: Det bildet av Elisabeth e så utruleg flott! Det ser jo ut som ein reklameplakat! 😀 Kontrasten mellom den rosa lua og den blå og kvite omgjevnaden er stilig syns eg. Og så er det ein sånn fin stemming over bildet ☺

    Lengta du etter vinteren no? 😉

    Som du sjølv seie; 25 er vel ingen alder! Eg føle det stort sett er, iallfall på UiB, blanding av folk mellom 19-26 i dei fleste fag + ein eller to av dei på 40++ 😛 Og det er jo ikkje så stor forskjell på folk når dei har komt seg over 20?

    PS! Dette er sikkert femte gangen eg skrive denne komentaren, fordi når eg kjeme borti “pil-til-venstre” på tastaturet så hoppa sida ein blogg-artikkel tilbake! Er dette min feil eller kyrkjebo.net sin feil? I tilfelle sistnevnte burde du fikse det:P Hehe…

    1. Takk for positive kommentarar på bildet får min faste lesar! 🙂 Alltid hyggeleg… Og ja, eg lengtar litt etter vinteren no, hausten er OK, men skulle eigentleg ynska at ein hoppa rett frå sommar til vinter.

      Pilnavigeringa må vere slik veit du, det er bloggen sin feil 🙂 Ser du ikkje at eg har oppdatert han noko?

Comments are closed.

hello